Vidaregåande opplæring for vaksne

Å gje tilbod til vaksne med rett er kostnadskrevjande, då dei har rett til opplæring fram til den sluttkompetansen dei har som første val. Opplæringa strekkjer seg over lengre tid enn tidlegare. Søkjarane har mindre praksis frå yrket dei ynskjer sluttkompetanse i, og treng meir opplæring. I tillegg er ein aukande del av søkjarane med rett, minoritetsspråklege.

I 2015 gav budsjettet rom for å starte til saman seks yrkesfaglege kurs (vg1 og vg2). Eitt av desse vart delfinansiert av fylkesmannen. Samla er dette tre færre kurs enn året før. Det vart vidare arrangert tre praksiskandidatkurs i barne- og ungdomsarbeidarfaget på oppdrag for og finansiert av fylkesmannen. Det vart i 2015 gjeve tilbod i fire fag i generell studiekompetanse – tre av desse i Førde, Eid og Sogndal, og eitt fag berre i Førde. I dei to resterande faga til generell studiekompetanse vart det gjeve tilbod om rein nettbasert opplæring med privatisteksamen.

Det er utfordrande å måle gjennomføringsgrad i vaksenopplæringa, då progresjonen som dei vaksne vel er svært ulik. Det vert arbeidd med å måle gjennomføringsgraden i to av faga, norsk og engelsk, til generell studiekompetanse.

Velg statistikk

Vidaregåande opplæring for vaksne