Arbeidsmarknad

Arbeidsløysa                                                                                                                                  

Arbeidsløysa er generelt låg i Sogn og Fjordane, både samanlikna med andre fylke og i eit internasjonalt perspektiv. Det er likevel ein del variasjonar mellom kommunar og regionar innan fylket. Særleg ser vi forskjellar mellom kystkommunar og innlandskommunar. Det er ein klår tendens at arbeidsløysa er høgast langs kysten. Dette har samanheng med næringsstrukturen, og arbeidsløysa er høgast i kommunar med monaleg innslag av fiskeindustri og verkstadindustri. Det er også store variasjonar i arbeidsløysa over tid, og det er normalt at arbeidsløysa går i bølgjedalar. Sidan 2012 har arbeidsløysa i fylket vore nokså stabil. I 2016 gjekk arbeidsløysa ned med seks prosent, samanlikna med 2015.


Ledige stillingar

NAV registrerar alle ledige stillingar som blir offentleg utlyst. Dette gjeld både stillingar som blir lyst ut gjennom aviser og tidsskrift og stillingar som blir meldt til NAV. Ei undersøking har tidlegare vist at berre om lag 40 prosent av alle stillingar blir lyst ut offentleg. Statistikken over tilgangen av ledige stillingar, definert som alle ledige stillingar som kjem til i løpet av eit år, kan likevel gje eit inntrykk av utviklinga i etterspurnaden etter arbeidskraft. Når vi ser tilgangen av ledige stillingar i prosent av arbeidsstyrken, ser vi store variasjonar over tid og mellom kommunane. Stillingstilgangen var særleg høg i perioden frå 2006 og 2008. Dette fell saman med ein høgkonjunktur på arbeidsmarknaden. I åra 2008 til 2014 gjekk stillingstilgangen mykje ned. Dette kan skuldast både at etterspurnaden etter arbeidskraft har blitt lågare og at bedriftene i større grad tek i bruk andre rekrutteringskanalar. Dei to siste åra har stillingstilgangen igjen vist ei positiv utvikling.



Relevante lenkjer:

Arbeidsmarknadsstatistikk på heimesida til NAV Sogn og Fjordane

Pressemeldingar frå NAV Sogn og Fjordane om utviklinga på arbeidsmarknaden

Arbeidsmarknadsstatistikk på nav.no

Velg statistikk

Arbeidsløysa per fylke. Prosent

Arbeidsløysa over tid samanlikna med landet. Prosent

Arbeidsløysa i Sogne-kommunane. Prosent

Arbeidsløysa i HAFS-kommunane. Prosent

Arbeidsløysa i Sunnfjord-kommunane. Prosent

Arbeidsløysa i Nordfjord-kommunane. Prosent

Stillingstilgang i Sogn

Stillingstilgang i HAFS-kommunane

Stillingstilgang i Sunnfjord

Stillingstilgang i Nordfjord

Ytingar frå NAV

Legemeldt sjukefråvær etter kommune