Nye Stad kommune (frå 1. januar 2020)

Stad kommune, kart.jpgFrå 1. januar 2020 slår området Bryggja (grunnkretsane Totland, Bryggja og Maurstad i Vågsøy kommune) og kommunane Eid og Selje seg saman til Stad kommune. 


Den nye kommunen får kommunenummer 4649.

Fylkeskommunen ønsker å samarbeide med kommunane om kunnskapsgrunnlag i planlegginga. For dei fleste kommunane vil det vere nyttig å samanstille eller gi ei oversikt over utviklingstrekk for kommunen i forbindelse med utarbeidinga av kommunal planstrategi og andre planar. Ei slik samanstilling eller oversikt kan vere nyttig for å finne dei mest sentrale utfordringane til kommunen og dermed kva planbehov kommunen har i valperioden.

For å lette arbeidet ute i kommunane har vi laga kommunesider der vi samlar statistikk som kan vere relevant å nytte for å skildre utviklingstrekka i kommunen i ein kommunal planstrategi og i andre planar. Tema som er lista under er ikkje ei uttømmande oversikt over utviklingstrekk i kommunen, men er meint å vere ein hjelp til å kome i gang med arbeidet. For nokre kommunar kan det også vere relevant å skildre utviklingstrekk innanfor satsingsområde i gjeldande kommuneplan. 

Relevante lenker:

Miljø og klima i nye Stad kommune

Velg statistikk

Klima i fylkeskommunal- og kommunal planlegging