Nye Sogndal kommune (frå 1. januar 2020)

Sogndal kommune, kart.jpgFrå 1. januar 2020 slår kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand seg saman til Sogndal kommune. Det er framleis usikkert om Nessane blir med over i nye Sogndal kommune eller om dei blir ein del av Høyanger kommune. 


Den nye kommunen får kommunenummer 4640.

Fylkeskommunen ønsker å samarbeide med kommunane om kunnskapsgrunnlag i planlegginga. For dei fleste kommunane vil det vere nyttig å samanstille eller gi ei oversikt over utviklingstrekk for kommunen i forbindelse med utarbeidinga av kommunal planstrategi og andre planar. Ei slik samanstilling eller oversikt kan vere nyttig for å finne dei mest sentrale utfordringane til kommunen og dermed kva planbehov kommunen har i valperioden.

For å lette arbeidet ute i kommunane har vi laga kommunesider der vi samlar statistikk som kan vere relevant å nytte for å skildre utviklingstrekka i kommunen i ein kommunal planstrategi og i andre planar. Tema som er lista under er ikkje ei uttømmande oversikt over utviklingstrekk i kommunen, men er meint å vere ein hjelp til å kome i gang med arbeidet. For nokre kommunar kan det også vere relevant å skildre utviklingstrekk innanfor satsingsområde i gjeldande kommuneplan. 

Relevante lenker:

Miljø og klima i nye Sogndal kommune

Velg statistikk

Klima i fylkeskommunal- og kommunal planlegging