Oppvekst- og levekår

test Levekåra i fylket er framleis monaleg betre enn landsgjennomsnittet, men for nokre indikatorar er skilnaden mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad born og ungdom.

Lesedugleiken blant barn i 5. klasse er lægre i Sogn og Fjordane enn gjrnnomsnittet i andre fylke og talet på born under barnevernet og talet på unge som bur i låginntektshushald har auka dei siste åra.

I tillegg har talet på born som bur med berre ein omsorgsperson gått ned på landsplan, men ikkje i Sogn og Fjordane.





Forklaring:

Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet.

Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Perioden er ulik for dei forskjellige variablane, avhengig av kva datamateriale som er tilgjengeleg.

Den tredje spalta, «Utviklinga samanlikna med landet», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på.

Kvite celler viser at vi ikkje har tal.

Velg statistikk

Arbeidsløysa per kommune. Prosent

Arbeidslause (15-74 år)

Unge arbeidslause (15-29 år)

Hushald med låg inntekt

Born i hushald med låg inntekt

Born av eineforsørgjarar

Born med barnevernstiltak per 1 000 barn

Legedekning

Legedekning per kommune

Lesedugleik i grunnskulen

Trivsel i grunnskulen

Helse, miljø, skule og livsstil blant ungdom

Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører