Andre kjelder

Resultata frå Ungdata-undersøkinga våren 2017 syner at ungdom i Sogn og Fjordane skårar litt betre enn landsgjennomsnittet på spørsmål om skule, nærmiljø og forholdet til foreldra. 


Om lag 5 400 ungdom frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane gjennomførte i mars og april 2017 Ungdata-undersøkinga.

Resultata frå Sogn og Fjordane ligg stort sett nær dei resultata, men på enkelte indikatorar ligg Sogn og Fjordane altså over gjennomsnittet. 

Trivst og er trygge
Fleirtalet av ungdomane kjenner seg trygge i nærmiljøet sitt når dei ferdast ute om kveldane. Det er generelt nøgde med lokalmiljøet der dei bur, og dei har eit godt forhold til foreldra sine. På spørsmål om dei kunne tenkje seg å bu i kommunane sine når dei vert vaksne, svarer berre om lag ein av fem nei. Resten svarer ja eller veit ikkje. Mange av ungdommane opplever at tilgang til idrettsanlegg og kulturtilbod er "svært bra" eller "nokså bra".

Les nøkkeltalsrapportane for fylket her: 

Nøkkeltalsrapport, ungdomsskuleelevar
Nøkkeltalsrapport, vidaregåandeelevar

Les nøkkeltalsrapportane for dei vidaregåande skulane her: 
Dale vidaregåande skule
Eid vidaregåande skule
Firda vidaregåande skule
Flora vidaregåande skule
Hafstad vidaregåande skule
Høyanger vidaregåande skule
Mo og Øyrane vidaregåande skule
Måløy vidaregåande skule
Sogndal vidaregåande skule
Stryn vidaregåande skule
Årdal vidaregåande skule

Nøkkeltalsrapportane for kvar enkelt kommune finn du på kommunen si oppvekst- og levekårsside her på Fylkesspegelen. 

Vi har også utvikla eit panel for å enkelt kunne samanlikne kommuneresultata frå Ungdata-undersøkinga. I panelet finn du resultat for tema venner, åtferdsproblem, skule, helse og trivsel, mediebruk og foreldre. Klikk her for å vise panelet. 


Fagdag om resultata frå ungdataundersøkinga 20. mars 2018
Her finn du presentasjonane som blei haldne på fagdagen:
Etter fagdagen blei det laga ei oppsummering frå gruppearbeida. Klikk her for å lese den. 

Velg statistikk

Ungdataundersøkinga