Universitets- og høgskulenivå per fylke

Sogn og Fjordane ligg i midtsjiktet med tanke på del av innbyggarane som har utdanning frå universitet eller høgskule.

I 2018 hadde 28,3 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane i alderen 16 år og over utdanning frå høgskule eller universitet. Delen for landet sett under eitt var 34,1 prosent.

Det er størst del av befolkninga i storby- og universitetsfylka som har høgare utdanning, og i Oslo har kvar andre innbyggjar over 16 år utdanning frå universitet eller høgskule.

Utdanningsnivå for dei i alderen 16 år og over, varierer mellom dei ulike kommunane i fylket. Sjå meir på om dette på sida "Universitets- og høgskulenivå per kommune".