Innvandring

Vi må nesten ti år tilbake i tid for å finne eit år med like lite innvandring til Sogn og Fjordane som i 2017. Samstundes var utvandringa i 2017, saman med  fjoråret 2016, rekordhøg.

I løpet av 2000-talet har talet på innvandrarar til Sogn og Fjordane, til liks med andre fylke, auka sterkt dei siste åra. Dette har gitt fylket god tilgang på kvalifisert arbeidskraft og auka verdiskapinga. Fleire innvandrarar gjev og eit større behov for tilrettelagt informasjon om aktivitetar og kommunale tilbod som påverkar folkehelsa. Kor stor innvandringa vil vere i åra framover er usikkert, men fylket er avhengig av innvandring for å oppretthalde folketalet.  


Sjå statistikk om innvandring og folketalsutvikling i fylket.