Fullført innan fem år

80,8 prosent av elevane i Sogn og Fjordane gjennomfører vidaregåande opplæring innan fem år etter dei byrja (2013-kullet). I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 92,5 prosent i Sogn og Fjordane, medan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har lågare grad av gjennomføring, 69,3 prosent.

Kartet viser prosentvis gjennomføring – fullført og bestått innan fem år etter oppstart i vidaregåande opplæring for kvart fylke (2013-kullet). Sogn og Fjordane, Akershus og Rogaland er fylka med høgst gjennomføringsgrad i landet.

Del elevar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring innan fem år er høgare for 2013- kullet, samanlikna med tidlegare år. Å auke gjennomføringa føreset samhandling og godt innarbeidde rutinar på, og mellom alle nivå i utdanningsløpet. Å drive god opplæring er ein dynamisk prosess som krev at alle som er aktørar i dette arbeidet er i utvikling. Systematisk arbeid over tid fører til gode resultat.