Overvektige

Definisjonen på overvekt er ein kroppsmasseindeks (KMI) på over 25, medan definisjonen på fedme er ein KMI på over 30. Overvekt og fedme er sterke indikatorar for type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdommar, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdommar som kreft i tjukktarmen. Overvekt og fedme kan og ha alvorlege psykiske helsekonsekvensar.


Variabeldefinisjon: 
Kvinner med KMI over eller lik 25 kg/m2 i prosent av alle gravide kvinner med høyde- og vektopplysninger fra første svangerskapskontroll. Angitt som gjennomsnitt over 3-årsperioder, og standardisert* for alderssamansetjing.

Menn og kvinner med KMI over eller lik 25 kg/m2, i prosent av alle som oppga høyde og vekt i den nettbaserte sesjon 1. Angitt som gjennomsnitt over 4-årsperioder og standardisert* for kjønnssamansetjing.

*Standardiserte tal er tilrådd å nytte ved samanlikning mellom geografiske område, og når ein ser på utvikling over tid. Føremålet med standardisering er å redusere påverknaden av ulik alders- og kjønnsamansetjing når ein samanliknar grupper i tid og rom.