Elevar i grunnskulen

Det er i alt 13 915 elevar i grunnskulen i Sogn og Fjordane skuleåret 2018/2019. Elevtalsutviklinga dei siste åra viser ein generell nedgang i tal elevar. Nokre svingingar frå år til år skuldast hovudsakleg nye elevar som kjem som busette flyktiningar og på asylmottak. Omlag halvparten av kommunane hadde ei auke i elevtalet frå i fjor. Eid, Fjaler, Gaular og Askvoll er dei kommunane som hadde størst auke, medan Førde, Flora, Høyanger og Luster hadde størst negang i elevtal.

Les meir i artikkelen "Fakta om grunnskulen i fylket".