Nye tilfelle av kreft

Kreft er ikkje ein enkelt sjukdom, men ei fellesnemning for ein rekke sjukdommar som kan ha forskjellige risikofaktorar og ulik sjukdomsutvikling. Det tek ofte lang tid frå eksponering til ein utviklar kreft, og mange faktorar kan derfor medverke til at sjukdommen oppstår. 

Kosthald, fysisk aktivitet, røyke- og alkoholvaner er faktorar som har betydning for kreftførekomsten. Det blir anslått at eitt av tre krefttilfeller heng saman med levevaner. Ei endring i befolkninga sine levevaner har derfor eit stort poteniale til å redusere risikoen for å utvikle kreft. 

Kreftførekomst og dødelegheit varierer med kor ein står på den sosiale rangstegen. Om lag 20 prosent av kreftdødsfalla blant menn og 30 prosent blant kvinner ville ha vore unngått dersom alle hadde hatt same dødlegheit som det grupa med høgare universitetsutdanning har (Elstad, 2006). 


Variabeldefinisjon: 
Antall per 100 000 innbyggjarar i det aktuelle alders- og kjønnssegmentet per år, angitt som gjennomsnitt over 10-årsperioder.

*Standardisert for alders- og kjønnssamansetjing. Standardiserte tal er tilrådd å nytte ved samanlikning mellom geografiske område, og når ein ser på utvikling over tid. Føremålet med standardisering er å redusere påverknaden av ulik alders- og kjønnsamansetjing når ein samanliknar grupper i tid og rom.