Folketalsframskriving, 2017-2030

Folketalsframskrivingane for fylket viser at det er usikkert om folketalet ved utgangen av 2030 vil vere høgare eller lågare enn ved utgangen av 2016. Usikkerheiten er i stor grad knytt til talet på flyttarar til og frå fylket. SSB sitt MMMM-alternativ (frå 2016) er mest optimistisk, og om denne framskrivinga er korrekt vil det vere 115 094 innbyggarar i fylket ved utgangen av 2030. I juni 2018 publiserte SSB nye folketalsframskrivingar. For fylket er MMMM-framskrivinga lågare enn i 2016, og om SSB si nyaste MMMM-framskriving er korrekt vil vi vere 111 371 personar busett i fylket ved utgangen av 2030. 

Det er derimot stor grunn til å tru at innvandringa til fylket ikkje vil vere like stor som det SSB har lagt til grunn (​les meir om MMMM-alternativet frå 2016 ved å klikke på denne lenka). SSB sine prognosar er gode når ein skal framskrive befolkninga langt fram i tid og på nasjonalt nivå, men når ein skal gjere framskrivingar for ein kortare tidshorisont (10-15 år) for eit fylke eller ein kommune er framskrivingar gjort i Panda meir pålitelege då desse framskrivingane er lokalt forankra. 

Vi har gjort tre framskrivingar i PANDA. Desse tre (mellomalternativet, høgalternativet og lågalternativet) er basert på fødselsratane frå 2015 og dødsratane frå 2013. Estimeringsperioden for fødte og døde er 2013-2016. Skilnaden mellom dei tre framskrivingane høg-, låg- og mellomalternativ er kva perioden som er nytta for å berekne flytteratane. Høgalternativet legg flytteratane i perioden 2006-2014 til grunn, medan lågalternativet legg flytteratane i perioden 1998-2006 til grunn. Mellomalternativet legg snittet av flytteratane i høg- og lågalternativet til grunn. 

Om mellomalternativet slår til vil Sogn og Fjordane ha 108 846 innbyggarar ved utgangen av 2030. Vi trur derimot at den faktiske utviklinga vil ligge ein stad mellom høgalternativet og mellomalternativet. 

Sjå også dei einskilde kommunesidene på fylkesspegelen for å sjå korleis utviklinga er på kommunenivå: