Brukarar av legemiddel for type 2-diabetes

Brukarar av legemidlar utlevert på resept til personar mellom 30 og 74 år. Brukarar definerast som personar som har henta ut minst ein resept i kalenderåret. Dersom ein brukar hentar ut fleire reseptar på same legemiddel blir vedkommande talt som brukar berre ei gong.


Variabeldefinisjon: 
Antall per 1000 innbyggjarar i det aktuelle alders- og kjønnssegmentet per år, angitt som gjennomsnitt over 3-årsperioder.

*Standardisert for alders- og kjønnssamansetjing. Standardiserte tal er tilrådd å nytte ved samanlikning mellom geografiske område, og når ein ser på utvikling over tid. Føremålet med standardisering er å redusere påverknaden av ulik alders- og kjønnsamansetjing når ein samanliknar grupper i tid og rom.