Arbeidsløysa i Nordfjord-kommunane. Prosent

Sjølv om heile regionen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, er Nordfjord den regionen i fylket der ein tydelegast ser forskjellane mellom kyst og innland. Det er ein klår tendens at arbeidsløysa blir lågare di lenger inn i fjorden ein kjem. Forskjellane har samanheng med næringsstrukturen, særleg kva type industri som er dominerande. Selje, Vågsøy og Bremanger har høgast arbeidsløyse. Desse kommunane har eit stort innslag av fiskeindustri, skips- og båtbyggingsindustri, samt metallindustri (Bremanger). I Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn er det trevareindustri, tekstilindustri og næringsmiddelproduksjon (ikkje fisk) som dominerer. Desse kommunane har også eit meir variert næringsliv enn kystkommunane.  



Sjå også statistikk om oppvekst- og levekår:

Arbeidslause per kommune
Arbeidslause (15-74 år)
Unge arbeidslause (15-29 år)


Arbeidsledighetstall frå NAV regnes av arbeidsstyrken (de som er i arbeid + de som ikke er i arbeid, men ønsker å være i arbeid). Andre regner arbeidsledighetsprosenten av hele befolkningen 15-74 år, men på denne måte blir mange som ikke er aktuelle for arbeidslivet med i grunnlaget.