Grunnskulepoeng

Sogn og Fjordane har det fjerde høgaste snittet i grunnskulepoeng i landet. Berre Akershus, Hordaland og Oslo har høgare gjennomsnittleg grunnskulepoeng enn Sogn og Fjordane. 

Jenter har høgare gjennomsnittleg grunnskulepoeng enn gutar, og i Sogn og Fjordane har jenter i gjennomsnitt 44,3 poeng og gutar 39,9 poeng.

Grunnskulepoeng blir rekna ut ved at alle dei avsluttande karakterane som er førte på vitnemålet vert lagt saman og dividert på tal karakterar. Etterpå multipliserer ein gjennomsnittet med 10.

grunnskulepoeng