Elevundersøkinga Vg1

Elevundersøkinga

Elevundersøkinga mobbing Elevundersøkinga er ei årleg obligatorisk undersøkinga der elever i Vg1 får seie sin meining om læring og trivsel i skolen. I Skoleporten er muleg å hente ut data på nasjonalt nivå, i tillegg til fylkes- og kommunenivå.

Figuren viser resultanta frå undersøkinga i Sogn og Fjordane i skuleåret 2018-19 samanlikna med resultatet frå hele landet. Sogn og Fjordane ligg generelt likt eller litt høgare enn landsgjennomsnittet. Skalaen går frå 1-5, kor ein høg verdi betyr positivt resultat for alle indeksane, bortsett frå mobbing.

Dei ulike måla skildrar kvaliteten av opplæringa. Retten til eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring er regulert i opplæringslova kapittel 9a. Dette kapittelet blir kalla elevane si arbeidsmiljølov. Dei gode resultata for fylket kan vere ein av fleire forklaringsvariablar for dei gode faglege resultata for elevane i Sogn og Fjordane.


Helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane

Skulen er ein sentral arena for barn og unge, og utgjer slik sett deira «arbeidsmiljø». I 2017 gjennomførte elevar i ungdomskule og vidaregåande skule ungdata undersøkinga. Føremålet var å kartlegge situasjonen innan helse, miljø, skule og livsstil for barn og unge i Sogn og Fjordane. 

Les mer om helse-, miljø og livsstil hjå unge.