Drepne og alvorleg skada i trafikken. Absolutte tal

Talet på drepne og alvorleg skada i trafikken i Sogn og Fjordane varierer, naturleg nok, litt frå år til år. 


Når det gjeld talet på alvorleg skada er det likevel ein tydeleg fallande tendens i åra etter 2001. I kvart av åra 2003, 2006 og 2009 blei over 30 personar alvorleg skada i trafikken i Sogn og Fjordane. Etter 2010 har det årlege talet på alvorleg skadde aldri vore over 23 her i fylket. 

Når det gjeld drepne i trafikken varierer desse tala mellom 13 personar i 2004, som var det verste året, og ein person i 2014 som var det hittil beste.