Vidaregåande opplæring for vaksne

Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne har vore stabilt på ca 300 dei siste åra.  Talet på minoritetsspråklege søkjarar har derimot auka kraftig, og i 2017 var 60% av alle søkjarar personar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Majoriteten av desse er busette flyktningar med veldig variabel skule - og yrkesbakgrunn, og behov for omfattande opplæring. F.o.m. august 2017 ble retten til vidaregåande opplæring for vaksne utvida til å gjelde alle som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet, men som ikkje får denne godkjend som studie- eller yrkeskompetanse i Norge. Personar under 25 år med tilsvarande bakgrunn, kan òg få vaksenrett.

Opplæringstilbod

Grunna auka tal av søkjarar med trong for heile opplæringsløp, vart det sett i gong fleire tilbod for minoritetsspråklege deltakarar, fordelt på fem ulike skular. Det er flest tilbod innan helsearbeidarfaget, og her har vi no samarbeidsavtalar med kommunar og NAV om  tilrettelagte opplæringsløp både ved Dale, Firda og Sogndal vidaregåande skule. Eit tilsvarande løp i tannhelsesekretær vart òg stara hausten 2017. Det var 70 nye vaksne søkjarar til helsearbeidarfaget i 2017, slik at vi i tillegg starta «ordinære» vaksengrupper i helse- og oppvekst ved Flora og Mo og Øyrane vidaregåande skule. Majoriteten av deltakarar er minoritetsspråklege her, òg. I tillegg vart det starta vg1-grupper for minoritetsspråklege i teknikk og industriell produksjon ved Flora og bygg og anleggsteknikk ved Sogndal vidaregåande skule. Alle desse gruppene gjev tilbod om full opplæring i alle fag, og er såleis ressurskrevjande.

Majoriteten av dei etniske norske deltakarane, fekk opplæring i studiekompetansefaga, og nokre i komprimerte løp innan sal/service og helsefag. Til saman deltok ca 400 personar i opplæring i 2017.


Definisjonar: 

- Innvandrere: Personer født i utlandet av to utenlandsfødte foreldre og fire utenlandsfødte besteforeldre. Innvandrere har på et tidspunkt innvandret til Norge. 

- Befolkningen unntatt innvandrere: Hele befolkningen, fratrukket innvandrere som definert her. 

- Hele befolkningen: Personer registrert bosatt per 1.januar. Hvem som regnes som bosatt i Norge og hvor i Norge en person skal regnes som bosatt, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Asylsøkere og personer på korttidsopphold i Norge er ikke med.