Pedagognorm

​Norma for pedagogisk bemanning i barnehagar er fastsatt i forskrift om pedagogisk bemanning § 1. Det skal være minimum ein pedagogisk leiar per 14-18 barn når barna er over tre år og ein pedagogisk leiar per 7-9 barn når barna er under tre år og barna si daglege opphaldstid er over seks timar. I barnehagar der barna har kortare opphaldstid per dag, kan barnetalet aukast noko per pedagogiske leiar. 


Formålet med hovudregelen om pedagognorm er å sikre at det finnest tilstrekkeleg personale med pedagogisk kompetanse til å ivareta barn sitt behov for omsorg, leik og læring, sosial tilhøyrigheit og utviklingsstøtte, og barn si rett til medverknad. Dessuten skal regelen bidra til å sikre eit godt og nært samarbeid mellom foreldre og personale til barnet sitt beste.