Born i hushald med låg inntekt

Inntektssituasjonen til familien i barndommen kan vera éin av fleire faktorar som via utdanningsnivå, yrkesval og deltaking i arbeidslivet, set i gang ein spiral der helse og inntekt påverkar kvarandre gjennom livsløpet (Kawachi, I., m.fl. (2010) og Pedersen, A. W. (2013)).

I perioden 2005-2017 har det vore ei auke i delen born (0-17 år) som bur i hushald med låg inntekt. Denne endringa har gjort seg gjeldane både for landet og for Sogn og Fjordane. Merk at del born som veks opp i hushald med låg inntekt har auka meir enn del av befolkninga i alle aldrar som bur i hushald med låg inntekt (i perioden 2005-2017).

Når ein samanliknar fylket og landet ser ein at Sogn og Fjordane har færre unge enn heile landt som bur i hushald med låg inntekt. Forskjellen har likevel blitt mindre dei siste to åra. 

Hushald med låg inntekt er hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta i fylket (Studenthushald og felleshushald t.d. alders- og sjukeheimar er ikkje med i talgrunnlaget).