Legedekning per kommune

Talet på legeårsverk per 10.000 innbyggjar.

Tilgjenge til primærlege påverkar sannsynet for at innbyggjarane oppsøker lege ved sjukdom eller i samband med oppfølging av sjukdom og tida det tek å få legehjelp ved akutt behov. Når innbyggjarane veit at det tek lang tid og er vanskeleg å koma til primærlege, vil det og kunne påverke livskvaliteten deira.

I Noreg er det små eller ingen skilnader mellom ulike grupper når det gjeld bruken av allmennlegar, men klare skilnader i bruken av private legespesialister (Van Doorslaer, E., m.fl. (2004) og Lian, O. & Westin, S. (2009)). I enkelte tilfelle er det i norsk samanheng funne meir bruk av polikliniske tenester blant personar med høg inntekt, men sjeldan når det gjeld innlegging på sjukehus. (Finnvold J. E.(2009) og Jensen, A. (2009)). Førebyggjande helsetenester er mangelfullt studert, men høgstatusgrupper brukar screeningundersøkingar oftare enn lågstatusgrupper (Aas, E. (2004)).