Universitets- og høgskulenivå per kommune

Delen av befolkninga over 16 år som har høgare utdanning varierer mykje mellom dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane. 

I 2018 hadde 28,3 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane utdanning frå høgskule eller universitet. For landet sett under eit hadde 34,1 prosent av befolkninga høgare utdanning.

Leikanger, Sogndal og Førde har i 2018 ei høgare prosentdel av befolkninga med utdanning frå universitet eller høgskule enn landsgjennomsnittet.