Overgang vg2-vg3/lære

Den største utfordringa fylkeskommunen har med gjennomføring er i overgangen vg2-vg3/lære. Frå 2015 har det vore lagt klare føringar for at dei vidaregåande skulane skal ta større ansvar i høve formidlinga av elevar til opplæring i bedrift. Alle dei vidaregåande skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram har tilsett arbeidslivskontakt. Frå 2015 er det gjort endringar i deira arbeidsoppgåver slik at gjennomføring og overgang frå skule til bedrift er blitt deira hovudarbeidsområde.

For elevane på yrkesfag har fylkeskommunen streka under at det å kvalifisere seg til opplæring i bedrift er noko meir enn å få bestått i alle fag. Det handlar også om å ha lite fråvær, gode ordenskarakterar, kunne «selje seg» på ein god måte gjennom utplassering i programfaget prosjekt til fordjuping (PTF), skrive god søknad og CV og øve på intervjusituasjonar. Vi har vore tett på skulane og møtt alle elevane som har søkt læreplass.

Både hovudutval for opplæring, fagopplæringsnemnda, opplæringskontor, rektorar og elevrepresentantar har med rettleiing frå fylkesdirektøren arbeidd med overgangen frå skule til bedrift. Fylkesdirektøren har vore pådrivar for at skulane, saman med det lokale næringslivet, arbeider med å utvikle gode lokale læreplanar for PTF på vg1 og vg2. Utplassering i PTF er den viktigaste faktoren i å skape kontakt mellom søkjar til læreplass og potensiell lærebedrift.

Tabellen under viser viser overgang frå Vg2 yrkesfag (Sogn og Fjordane) fordelt på ordinær progresjon, repitisjon på lågare eller same trinn og ute av vidaregåande opplæring eit år.