Utdanningsnivå over tid

Delen av befolkninga over 16 år som har høgare utdanning stig jamt både i fylket og i landet. 

Delen av befolkninga over 16 år som har grunnskule som den høgaste fullførte utdanninga er fallande, og delen i Sogn og Fjordane er litt lågare enn den nasjonale delen. Denne positive utviklinga har likevel stagnert noko dei siste tre åra. 

Sogn og Fjordane har ein større del med høgaste utdanningsnivå frå vidaregåande skule om vi samanliknar oss med heile landet. I 2018 hadde om lag 43,5 prosent av befolkninga over 16 år i Sogn og Fjordane har vidaregåande skule som høgaste utdanningsnivå, medan landsgjennomsnittet er 37,2 prosent.

Fagskulenivå kom først inn i statistikken frå og med 2016.