Regional analyse for 2016

Den regionale analysen som Telemarksforskning gjennomfører for Sogn og Fjordane fylkeskommune syner utviklinga i fylket innanfor folkesetnad og næringsliv. 

Les rapporten for 2016 her

Det spesielle med Telemarksforskning sine rapportar er deira analysar av bustadsattraktivitet og næringsattraktivitetDette inneber at ein samanliknar den faktiske utviklinga for arbeidsplassar og tilflytting i fylket, med eit estimat av den venta utvikling gitt nokre strukturelle vilkår. Dersom den reelle utviklinga er sterkare enn venta er attraktiviteten positiv, medan denne blir negativ dersom det omvendte er tilfelle.

 Dei strukturelle vilkåra som påverkar den venta utvikling er næringsstruktur, innbyggjartal og arbeidsmarknadsintegrasjon (dvs. pendling internt i fylket og mellom fylket og andre fylke). Ein næringsstruktur prega av næringar som veks sterkt nasjonalt gir høge forventningar til vekst, medan forventningane til vekst er låge i fylke som Sogn og Fjordane der strukturen er prega av næringar med svak utvikling nasjonalt (som til dømes jordbruk og industri).

Likeins blir den venta veksten høg i fylke med høge innbyggjartal og omfattande arbeidsmarknadsintegrasjon, og låg i Sogn og Fjordane som følgje av vårt låge folketal og fragmenterte arbeidsmarknad.

Nokre hovudpoeng i rapporten for 2016:

·         Næringsattraktivitet

o   Næringsattraktiviteten i SFJ har vore svakt negativ i åra etter år 2000 samla sett. Det har blitt skapt om lag 350 færre arbeidsplassar enn venta i femtenårsperioden.

o   Differansen mellom venta og reell sysselsetjingsutvikling skuldast hovudsakleg svake tal innanfor industri og primærnæringane. Sysselsetjingsutviklinga innanfor statleg og fylkeskommunal verksemd er også svakare enn venta

o   Kommunal sektor har hatt sterkare sysselsetjingsutvikling enn venta.

o   Næringsattraktiviteten i fylket har utvikla seg positivt. Den var svakare i byrjinga av tusenåret, enn den har vore dei siste fem åra.

o   Samanlikna med dei andre fylka var næringsattraktiviteten i SFJ rangert midt på treet i åra 2011-15. 10 fylke har sterkare næringsattraktivitet, 9 har svakare.

·         Bustadsattraktivitet:

o   SFJ har hatt låg bustadsattraktivitet dei fleste åra etter tusenårsskiftet. Men 2015 er det fyrste året sidan 2009 der denne er positiv.