Pendlingsstraumar i fylket

Pendlingsstramar i fylket. Kjelde: SSB

Pendlingsstraumar internt i fylket viser at spesielt Førderegionen og Sogndalsregionen har omfattande pendling mellom kommunane; der høvesvis Førde og Sogndal/Leikanger står fram som sentrumskommunar i kvar sin region.

I figuren kan ein sjå dei største pendlingsstramar i fylket, det vises berre strekningar med over 40 pendlarar. 

Ved utgangen av 2018 var det i alt 9 713 personar som pendla over kommunegrenser internt i Sogn og Fjordane. Dette svara til 17 prosent av dei sysselsette innbyggjarane. 


Dei viktigaste pendlarregionane i fylket i 2018

I Sogn og Fjordane er dei tre viktigaste pendlarregioner i fylket sentralisert i rundt Førde, Sogndal og Eid.


Dominerande pendlarstraumar i Førde

Kjelde: SSB Figuren viser pendlestraumar til og frå kommunane i Sunnfjord (Flora, Gaular, Jølster, Førde og Naustdal). Det vises berre strekningar med over 20 pendlarar.

Førderegionen kombinerer høg pendling til Førde med korte reiseavstandar:


Dominerande pendlarstraumar i Sogndal

I Sogndalsregionen har innbyggjarane i Luster og Leikanger kort reisetid til Sogndal, men det er likevel relativt lite pendling dit samanlikna med pendlinga til Førde frå nabokommunane. Dette skuldast dels at det er fleire arbeidsplassar i Førde enn i Sogndal og dels at det er eit jamnare forhold mellom arbeidsplassar og sysselsette i nabokommunane til Sogndal enn det som er tilfellet for kommunane kring Førde. Kjelde: SSB

Figuren viser pendlestraumar til og frå kommunane i Sogn (Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster). Det vises berre strekningar med over 20 pendlarar.


Dominerande pendlarstraumar i Eid

Kjelde: SSB I motsetning til Sogn (Sogndal/Leikanger) og Sunnfjord (Førde), har ikkje Nordfjord nokon dominerande innpendlingskommune.

Figuren viser pendlingstraumar til og frå kommunane i Nordfjord (Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn). Det vises berre strekningar med over 20 pendlarar.

Eid er likevel ein stor pendlarkommune, som i 2018 hadde 432 sysselsette som pendla inn frå andre kommunar i fylket og 486 som pendlar ut til andre kommunar i fylket. Dei fleste pendlar ut og inn frå Stryn, Gloppen og Vågsøy.

Eid grenser til Møre og Romsdal fylke og det er mykje pendling mellom Eid og kommunar i Møre og Romsdal.