Utflyttarar i prosent av befolkning

I perioden 2010-2016 var det størst del utflytting frå Sogn og Fjordane til andre fylker i Noreg i aldersgruppa 19-29 år. Mellom 9,1 og 10,2 prosent i denne aldersgruppa har flytta ut frå fylket til andre deler av landet kvart år.

I dei fire andre aldersgruppene er utflyttinga betydeleg lågare. Gruppa som har nest høgast andel utflyttarar er dei mellom 30 og 44 år. I perioden har mellom 2,8 og 3,2 prosent av befolkningen i aldersgruppa flytta ut kvart år. Deretter følgjer aldergruppa 0-18 år. Dei fleste i denne aldersgruppa flyttar ut av fylket saman med føresatte. 

Lågast utflyttingsgrad ser ein i aldersgruppene 45-64 år og i gruppa 65+. 



*Ved å trykke på "sammenlign" knappen under figuren kan du sjå korleis tala har utvikla seg over tid. 

Sjå også dei einskilde kommunesidene på fylkesspegelen for å sjå korleis utviklinga er på kommunenivå: