Framskriving av eldre i Hyllestad kommune

Kvart andre år publiserer SSB nye befolkningsframskrivingar. Ei befolkningsframskriving er ei berekning av befolkninga si framtidige størrelse og samansetning. Til framskrivinga blir det nytta føresetnader om dei fire demografiske komponentane: framtidig fruktbarheit, dødlegheit, innanlandsk flytting og inn- og utvandring. Klikk her om du vil lese meir om SSB si befolkningsframskriving frå 2018.  


Framskrivingsalternativet som er vist på denne sida er SSB sitt MMMM-alternativ frå 2018. Folketalsutviklinga er fordelt på aldersgruppene 67-79 år, 80-89 år og 90 år eller eldre.