Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring

Dei aller fleste elevane byrjar i vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskule. I 2018 gjekk 97,6 % av elevane i Sogn og Fjordane direkte frå grunnskole til vidaregåande skule. Det nasjonale gjennomsnittet var 98 % same år. Kartet illustrerer kva fylker som kom ut over eller under gjennomsnittet for landet. Merk at Sør- og Nord-Trøndelag har fått same verdi i kartet, altså verdien for det nye fylket Trøndelag.

Fylkeskommunen har eit koordinerande ansvar for å ha eit godt samarbeid med kommunane om kvaliteten i grunnopplæringa. Kvar haust vert det arrangert dialogmøte med kommunane i 4 regionar. Sjå statistikkgrunnlaget som blei nytta på siste dialogmøte.