Helse, miljø, skule og livsstil blant ungdom

Bilete av rapport framside Barn og unge er viktige målgrupper for folkehelsearbeidet. Mykje av grunnlaget for livsmestring vert skapt i barne- og ungdomstida. I Regional plan for folkehelse er helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule identifisert som eit av fem satsingsområder for folkehelsearbeidet i fylket. Det er derfor av særleg interesse å skaffe seg oversikt over situasjonen for born og ungdom innan helse, miljø, skule og livsstil.

Ungdata 2017

Om lag 5400 ungdommar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane gjennomførte i våren 2017 Ungdata-undersøkinga.

Undersøkinga omfattar eit breitt spekter av tema: foreldre og vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald.

Resultata frå vårens Ungdata-undersøking syner at ungdom i Sogn og Fjordane skårar litt betre enn landsgjennomsnittet på spørsmål om skule, nærmiljø og forholdet til foreldra.

Nøkkeltalsrapport, ungdomsskuleelevar
Nøkkeltalsrapport, vidaregåandeelevar

Klikk her for å lese meir og sjå fleire rapportar.


Bilete av rapport framside

Helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane 2011-2015

Sjå rapport med resultat frå 2011-2015

Rapporten presenterer viktige resultat frå ungdomsundersøkinga 2015, samt utvikling over tid for utvalde variablar gjennom prosjektet sine tre kartleggingsår: 2011, 2013 og 2015.

Ungdomsundersøkinga, helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane med kartlegging i 2011, 2013 og 2015 er eit verdifullt datamateriale til å beskrive situasjonen for barn og unge i fylket.

Sjå også rapport med resultat frå 2013

Les mer om helse-, miljø og livsstil hjå barn og unge.