Skuletrivsel blant ungdomsskuleelevar

Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men òg ein arena for sosialt samvær. Den sosiale sida ved skulen er kanskje ekstra viktig i ei tid der digitale kommunikasjonsformer pregar mykje av fritida til ungdommen.

Nasjonale studiar for dei siste 20–30 åra viser at norske ungdomsskuleelevar i aukande grad trivst på skulen, og at det er færre som kjedar seg eller gruer seg til å gå på skulen. Trivselen i norsk skule er høg samanlikna med mange andre land. 

Svara frå Ungdata viser òg at dei aller fleste trivst på skulen. Det store fleirtalet meiner at lærarane bryr seg om dei, og like mange føler at dei passar inn blant elevane på skulen. Svara tyder på at den norske skulen har lukkast med å skape eit læringsmiljø som det store fleirtalet av elevane opplever som positivt. 



Klikk her for å sjå fleire resultat frå ungdataundersøkinga