Tannhelse - Pasientar uten hol

Tannhelse

Tannhelsa blant barn og unge i Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet.

Kurvene syner utviklinga i tannhelse blant 5-, 12- og 18-åringar i fylket i perioden 2005–2018. Tabellen syner i prosent kor mange pasientar som aldri har hatt hol i tennene i dei utvalde aldersgruppene. Til høgare tal, til betre er tannhelsa i Sogn og Fjordane. Det er naturleg at femåringane har betre tannhelse enn tolv- og 18-åringane. Karies er ein sjukdom som utviklar seg over tid, og etter kvart som ein vert eldre, er det større sjansar for å få hol i tennene.


Trykk på "samanlikn" knappen under diagrammet for å legge til dei nasjonale tala for samanlikning.

Femåringar

Det er hol i mjølketennene som blir talt for femåringane. Utviklinga blant femåringane har vore god i perioden 2005–2018. Frå 75 prosent utan karieserfaring i 2005 til 85 prosent i 2018. I 2012 var 86 prosent utan karieserfaring, så vi har sett ein tendens til litt nedgang etter 2012. For femåringar er det først og fremst foreldra og deira vanar og haldningar som gjev god tannhelse. Dei gode vanane foreldra gjev borna dreg dei gjerne med seg seinare i livet også.

For heile landet er det i 2018 81 prosent av 5 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. For Sogn og Fjordane er det 85 prosent i 2018.

Tolvåringar

Tannhelsa blant tolvåringane i Sogn og Fjordane har hatt ei veldig positiv utvikling. I 2005 var 52 prosent utan karieserfaring, og i 2018 var talet 67 prosent. Dei som var fem år i 2010 er med i statistikken som tolvåringar i 2018.

For heile landet er det i 2018 60 prosent av 12 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. For Sogn og Fjordane er det 67 prosent i 2018.

18-åringar

Vi ser også at tannhelsa blant 18-åringane har ei positiv utvikling dei siste åra. I 2005 var 22 prosent av 18-åringane utan karieserfaring, og i 2018 var talet 28 prosent. Vi ventar at utviklinga blant 18-åringane i åra framover betrar seg i takt med det vi i dag ser blant fem og tolvåringane.

For heile landet er det i 2018 27 prosent av 18 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. For Sogn og Fjordane er det 28 prosent i 2018.

Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre i Norge. Det er no ein større del utan hol i tennene, det er færre som har mange hol, og gjennomsnittleg har talet på hol i tennene gått ned. Utviklinga har vore spesielt positiv blant 18-åringar. (SSB 2016)