Hushald med låg inntekt

Inntekt og økonomi er viktige faktorar som påverkar helse, og forsking viser at det er nær samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Låg inntekt aukar sannsynet for dårleg sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidleg død.

Personar med inntekt som ligg langt under normalinntekta har ein lågare levestandard enn folk flest. Dette vil påverka tilgangen på sunn mat og helsefremjande fritidsaktivitetar. Personar med låg inntekt har og ofte belastande yrke og arbeidsoppgåver.

I 2017 budde 11,6 prosent av den norske befolkninga i låginnteksthushald, medan 9,6 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane gjorde det same. Delen av befolkninga som bur i låginnteksthushald varierer noko frå år til år. 

Hushald med låg inntekt er hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta i fylket (Studenthushald og felleshushald t.d. alders- og sjukeheimar er ikkje med i talgrunnlaget).