Sal av matfisk. Per fylke

Salet av matfisk frå akvakulturnæringa i Noreg har vakse kraftig dei siste 20 åra. I 1995 selde akvakulturnæringa i Noreg 176 000 tonn matfisk, medan talet var 1 380 000 i 2015, altså ei femdobling.


Salstala frå Sogn og Fjordane auka frå omlag 29 000 tonn i 1995, til 120 000 tonn i 2015. Det utgjer ei firedobling. Salsveksten frå Sogn og Fjordane har altså vore noko mindre enn på landsplan.

Nordland og Hordaland var dei største oppdrettsfylka i 2015. Nordland har i løpet av tjueårsperioden hatt svært sterk salsvekst, og nådde høgare salstal enn Hordaland i 2005. Troms har hatt den sterkaste prosentvise salsutviklinga i tjueårsperioden. Tyngdepunktet i akvakulturnæringa har flytta seg nordover i løpet av desse åra.