Alderssamansetjing

Sogn og Fjordane er det fylket i Norge som har størst del av personar på 80 år eller eldre. Ved inngangen av 2018 var 5,5 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane 80 år eller eldre (6 103 personar). Det tilsvarande talet for heile landet var 4,2 prosent. Oslo har den minste delen av folkemengda som er 80 år eller eldre. 

Sogn og Fjordane har den lengste forventa levealderen for kvinner og den tredje lengste forventa levealderen for menn. I åra framover forventar ein stor vekst i dei eldre aldersgruppene, medan det ikkje blir noko tilsvarande auke i den yrkesaktive befolkninga. Fleire eldre gir eit større behov for kommunale helse- og omsorgstenester, samstundes som færre yrkesaktive fører til reduserte skatteinntekter i mange kommunar. 

Sjå statistikk om alders- og kjønnssamansetjing i fylket.

Sjå statistikk om folketalsframskrivingar i fylket.