Sal av matfisk. Per fiskeslag

Laks dominerer salstala for akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane, som i resten av landet. 

Salet av laks har omlag firedobla seg mellom 1995 og 2015, frå 27 000 tonn i 1995 til 100 000 tonn i 2015. 
Salet av regnbogeaure har også hatt ein kraftig vekst i denne perioden, frå omlag 1 500 tonn i 1995 til nesten 20 000 tonn i 2015. 

Når det gjeld torsk og skaldyr utgjer desse i tonn langt mindre enn laks og regnbogeaure. 2002 var det fyrste året det  blei seld skaldyr frå akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane. Salstalet dette året var på 38 tonn.  Dei påfølgjande åra vaks salstala for skaldyr, og nådde over 600 tonn i 2005. Sidan har salstala variert mykje, men har aldri nådd nivået frå salstoppen i 2005. 

Salet av torsk frå akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane tok til i 2002 då det blei seld 109 tonn. Deretter vaks salstala betydeleg fram til 2011, men frå 2012 er det ikkje seld torsk frå fylket med unntak av 1000 tonn i 2014.