Trivsel i grunnskulen

Å trivast er viktig for helsa til den enkelte. For barn og unge er skulen ein viktig sosial arena. Trivsel på skulen påverkar elevane sin motivasjon for å læra, og dermed deira evne til å meistra dei utfordringane skulekvardagen gjev (Øia 2011).

Trivsel kan på lengre sikt påverka fråfallet blant elevar i den vidaregåande skulen, der hol i kunnskapsgrunnlaget frå ungdomsskulen er ein viktig årsak til fråfall. Trivsel på skulen kan og knytast til kor nøgd ein er med livet, spesielt for jenter (Danielsen m.fl, 2009).

I dei årlege elevundersøkingane blant elevar i 7. og 10. klasse i grunnskulen vert dei m.a. spurde om kor godt dei trivst på skulen.