Arbeidsløysa per kommune. Prosent

Kartet viser arbeidsløysa (i prosent) per kommune i Sogn og Fjordane i 2018. 


Å gå lenge arbeidslaus inneber tap av inntekt, ein lang jobbsøkingsprosess med mange avslag og ein mistar den daglege kontakten med arbeidskollegaer. Dette vil påverka trivsel og mestringskjensle. I tillegg aukar sannsynet for at ein ikkje kjem attende til arbeidslivet og går over til langvarige trygdeytingar (Nilssen og Reiso (2011)).

Å stå utanfor arbeidslivet kan også påverke standarden på bustaden, kosthaldet, fritidsaktivitetar og endre det sosialt nettverket. Nordiske undersøkingar av samanhengen mellom arbeidsløyse, arbeid og mental helse tyder på at det er store helsegevinstar ved å få arbeidslause tilbake i arbeid (Halvorsen, K. (1998), Strandh, M. (2000) og Korpi, T. (2001)).


Arbeidsledighetstall frå NAV regnes av arbeidsstyrken (de som er i arbeid + de som ikke er i arbeid, men ønsker å være i arbeid). Andre regner arbeidsledighetsprosenten av hele befolkningen 15-74 år, men på denne måte blir mange som ikke er aktuelle for arbeidslivet med i grunnlaget.