Nasjonale prøver 5., 8. og 9. trinn

Gjennomsnittsresultata på nasjonale prøvar for fylket er stabile, og ligg som regel over eller på landsgjennomsnittet. Unntaket er resultata for lesing 5. trinn, der fylket skårar dårligare enn landsgjennomsnittet i skuleåret 2018/19. 

Det er store variasjonar i tala på kommune- og skulenivå. Det er derfor viktig at kommunane og skulane analyserer resultata.

Rekning

I skuleåret 2018/19 ligg Sogn og Fjordane over landsgjennomsnittet i rekning på alle tre trinna. I dei to siste skuleåra har det vore ei positiv utvikling med ei nedgang i delen elevar på 8. trinn som låg på den lågaste meistringsnivået i rekning. Denne utviklinga har snudd. I skuleåret 2017/18 skåra 6,5 prosent av elevane på det lågaste meistringsnivået, og i skuleåret 2018/19 skåra 6,7 prosent av elevane på det lågaste meistringsnivået. Delen elevar som ligg på det lågaste meistringsnivået i rekning på 9. trinn er no nesten like stor som i skuleåret 2014/2015. 

På 5. trinn er det i år igjen registert ei svak auke i del elevar som presterer på det høgaste nivået i rekning. Samanlikna med fjoråret er 5. trinn på same gjennomsnittsnivå i rekning.

Lesing

På 8. og 9 trinn har Sogn og Fjordane likt snittresultat på dei nasjonale prøvane i lesing som landet under eit. På 5. trinn ligg derimot fylket under det nasjonale snittet. 

I skuleåret 2018/19 skåra 6,8 prosent av elevane på 9. trinn på det lågaste meistringsnivået i lesing. Til samanlikning skåra 3,3 prosent av elevane på det lågaste meistringsnivået førre skuleår, på same trinn. Delen elevar på 8. trinn som skårar på det lågaste meistringsnivået i lesing, har også blitt større dei siste to skuleåra.

Delen som ligg på det lågaste nivået er skeivfordelt mellom kjønna. Det er ein større del gutar enn jenter som ligg på det lågaste mestringsnivået i lesing.

Engelsk

I engelsk skårar elevane på både 5. og 8. trinn i Sogn og Fjordane likt med det nasjonale gjennomsnittet.

På 5. trinn ser ein ei reduksjon i del elevar som skårar på det lågaste mestringsnivået, og ei auke i del elevar som skårar på det høgaste mestringsnivået. 



Resultata av dei nasjonale prøvene i engelsk, lesing og rekning for 5., 8. og 9. trinn vert publisert årleg i Skoleporten. Prøvene kartlegg i kva grad elevene sine ferdigheiter er i samsvar med kompetansemål i læreplanen.

Les meir i artikkelen "Nasjonale prøver på 5. trinn 2017", i artikkelen "Nasjonale prøver på ungdomssteget 2017" og i artikkelen "Skulebidragsindikatorar for grunnskulen".