Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot

Dårleg helse kan gjera det vanskeleg å nytta tida til andre ting enn å pleia eiga helse, som t.d. deltaking i friviljuge organisasjonar. Det kan og vera vanskeleg å ta seg til møteplassar på grunn av dårleg fysisk eller mental helse. Svak helse kan og føre til ein ustabil arbeidsmarknadstilknyting som reduserer tilgangen til eit sosialt nettverk. Sosiale nettverk er viktige for rekruttering inn til friviljuge lag og organisasjonar. På den andre sida, kan liten deltaking i arbeidslivet gje større rom for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, men undersøkingar viser at arbeidslause også i stor grad fell utanfor friviljug arbeid.

Det er ikkje nødvendigvis slik at dårleg helse fører til låg deltaking i friviljuge lag og organisasjonar. Årsaksforholdet kan og gå den andre vegen. Låg deltaking i organisasjonslivet kan gje manglande sosial kontakt og eit lite utbygd sosialt nettverk, noko som kan påverka (sjølvopplevd) helse.

Sogn og Fjordane er det fylket som har flest lag og organisasjonar med kommunalt tilskot. I 2017 var det 57,04 friviljuge lag og foreiningar som fekk kommunalt tilskot per 10 000 innbyggjarar. Dette er over dobbelt så mange som på landsbasis, og 5,64 fleire lag og foreiningar per 10 000 innbyggjarar enn i 2016.