Born av eineforsørgjarar

Barn av eineforsørgarar blir antatt å vere ei potensielt utsett gruppe, både økonomisk og sosialt. 

Det er ein del risikofaktorar knytt til det å vekse opp med ein eineforsørgar. Eineforsørgarar har ofte mindre ressursar i form av dårlegare økonomi og mindre tid til barna. Dette kan føre til at barna ikkje kan delta i sosiale aktivitetar og at tida med tilgang til ein vaksen er mindre. I tillegg er det auka førekomst av psykiske helseproblem blant eineforsørgarar, som vidare kan verke inn på foreldreferdigheitar og dermed barna. Forholdet mellom foreldre som ikke lev saman kan vere prega av auka konfliktnivå som kan få ut over barna og føre til emosjonelle problem og åtferdsproblem. Likevel kan det vere vanskelig å skille effekten av det å vekse opp med eineforørgarar frå andre faktorar som kan henge saman med dette. For eksemepl er eineforsørgarar - spesielt aleinemødre - ofte unge og har lågare utdannelsesnivå. 


Indikatoren syner del born i alderen 0 - 17 år med mor eller far som eineforsørgjar (der det vert utbetalt utvida barnetrygd), i prosent av alle born i alderen 0 - 17 år (som det vert utbetalt barnetrygd for). Statistikken viser 3 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnittet for overlappande 3-årsperiodar). 

12,5 prosent av alle born i Sogn og Fjordane budde i hushald med mor eller far som eineforsørgjar i åra 2015 – 2017. På landsplan var tilsvarande del 15 prosent. 

Prosentdelen born i denne gruppa har gått ned på landsbasis, men har halde seg relativt stabil i Sogn og Fjordane.