Elevundersøkinga 7. og 10. trinn

Elevundersøkinga er ei årleg obligatorisk undersøking der elevar på 7. og 10. trinn får seie si meining om læring og trivsel i skulen. I Skoleporten er det mogleg å hente ut data på nasjonalt-, fylkes- og kommunenivå.

Resultata frå undersøkinga i Sogn og Fjordane i skuleåret 2018-19 ligg likt eller over med landsgjennomsnittet for 7. trinn på fleire variablar. Fylket scorar 0,1 poeng lågare enn landsgjennomsnittet på ein av ti variablar for 7. trinn. Når det gjeld 10. trinn, ligg Sogn og Fjordane likt med det nasjonale gjennomsnittet når det gjeld fagleg utfordring, motivasjon og støtte heime ifrå. Ellers ligg fylket litt høgare enn landsgjennomsnittet på dei resterande sju variablane målt i undersøkinga. 

Dei ulike måla skildrar kvaliteten på opplæringa. Retten til eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring, er regulert i opplæringslova kapittel 9a. Dette kapittelet blir kalla elevane si arbeidsmiljølov. Dei gode resultata frå elevundersøkinga for 10. trinn i fylket kan vere ein av fleire forklaringsvariablar for dei gode faglege resultata for elevane i Sogn og Fjordane. Elevar ved 10. trinn i Sogn og Fjordane oppnår fjerde høgaste gjennomsnittleg grunnskulepoeng av alle fylka i Noreg for skuleåret 2017-18. 

Resultata frå elevundersøkinga syner også kor stor del av elevane som opplev mobbing på skulen. Del elevar i Sogn og Fjordane som opplyser at dei opplev mobbing på skulen var 6,3 prosent i 7. klasse og 5,4 prosent i 10. klasse. Dette er noko lågare enn nasjonal gjennomsnitt for begge trinn. 


elevundersøkinga 7. trinn elevundersøkinga 10. trinn



Mobbing 7.trinn Mobbing 10. trinn









Helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane

Skulen er ein sentral arena for barn og unge, og utgjer slik sett deira «arbeidsmiljø». I 2017 gjennomførte elevar i ungdomskule og vidaregåande skule ungdata undersøkinga. I 2011, 2013 og 2015 blei det gjennomført ei omfattande ungdomsundersøking i Sogn og Fjordane. Føremålet var å kartlegge situasjonen innan helse, miljø, skule og livsstil for barn og unge i Sogn og Fjordane. 

Les mer om helse-, miljø og livsstil hjå barn og unge.