Sysselsetjing per overlevde føretak- ved føretakas femte overlevingsår

Framstillinga syner gjennomsnittleg tal sysselsette personar per overlevde føretak, i det femte overlevingsåret etter etablering. 

For "Føretak etablert i 2001" syner tala altså sysselsette personar i år 2006, for "Føretak etablert i 2002" syner tala sysselsette personar i år 2007 osv. 

Samanlikna med i Noreg som heilskap er talet sysselsette personar per føretak jamt over noko lågare i Sogn og Fjordane. I perioden 2001-2011 låg gjennomsnittstalet mellom 1,7 og 3,7 sysselsette personar per føretak. Det var berre etableringane frå 2007 som hadde betre sysselsetjingstal i Sogn og Fjordane enn i Noreg generelt. 


Trykk på "sammenlign" knappen for å sjå korleis sysselsetjinga i føretaka frå Sogn og Fjordane var samanlikna med føretak i andre fylke. 

Sjå også tilsvarande tal fordelt på næring. 

Tilsvarande framstilling er tilgjengelig for alle kommunane i Sogn og Fjordane.