Ytingar frå NAV

Ved utgangen av 2017 fekk 16,6 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane mellom 18 og 66 år ei arbeidsrelatert yting (dagpengar, arbeidsavklaringspengar, uførepensjon) eller økonomisk sosialhjelp.  For landet sett under eitt galdt dette 19,5 prosent.

8,3 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane mellom 18 og 66 år hadde uførepensjon, 3,6 prosent fekk arbeidsavklaringspengar, 3,5 prosent tok imot økonomisk sosialhjelp medan 1,3 prosent fekk utbetalt dagpengar (nokre mottakarrar kan ha sosialhjelp i kombinasjon med andre ytingar). 

I Sogndal er berre 1 av 9 innbyggjarar (12,1 prosent) mottakarar av ei arbeidsrelatert yting eller økonomisk sosialhjelp, medan Høyanger har nesten dobbelt så stor prosentdel (22,3 prosent) av befolkninga på slike ytingar.