Fag og yrkesopplæringa

Fylkeskommunen arbeidar aktivt for å styrke fagopplæringa og auke gjennomføringa på normert tid, mellom anna gjennom betre formidlingsprosess og tett oppfølging i læretida. I Sogn og Fjordane vel om lag 50 prosent yrkesfaglege utdanningsprogram.

For å få fleire til å fullføre yrkesfaglege løp, er det viktig å vere merksam både på formidling til opplæring i bedrift, og oppfølging undervegs i opplæringsløpet.