Utdanningsnivå etter alder

Utdanningsnivået fordeler seg ulik over ulike aldersgruppa.

Ikkje overraskande er det i aldersgruppa 16-19 år at delen som har grunnskule som høgaste utdanning er størst. Mange av 16-19 åringane er framleis under utdanning, og det er venta at mange av dei vil oppnå eit høgare utdanningsnivå med tida. Aldergruppa 67 år eller eldre har den nest største delen med som har grunnskule som høgaste utdanningsnivå. Dette illustrerar endringa i utdanningsmønsteret over tid. I dag er det langt vanligare at ein held fram med utdanning etter grunnskulen enn det var tidligare. 

Over tid kan vi også sjå ei endring i delen av ulike aldergrupper som har vidaregåande som høgaste utdanning. I dag held fleire held fram med utdanning også etter vidaregåande skule er fullført.