Tidsbruk på lekser og skulearbeid blant ungdomsskuleelevane

Lekser har lang tradisjon i norsk skule. Opphavleg blei lekser gjevne for at elevane skulle pugge seg fram til kunnskap, og presten eller læraren kunne kontrollere kva elevane kunne gjennom høyringar. Sjølv om pugging blir rekna som ein mindre relevant læringsstrategi i dag, vel likevel dei fleste skular å gje elevane lekser. 


Lekser kan bidra til betre sjølvdisiplin og gode arbeidsvanar, og det kan vere ein effektiv måte for skulen å få involvert foreldra i skulearbeidet på. Den viktigaste grunngjevinga ligg likevel i forventninga om at lekser aukar læring, men forsking tyder ikkje på at leksearbeid i seg sjølv har særleg stor læringseffekt. Det vil mellom anna kome an på under kva vilkår leksene blir gjevne og skulearbeidet gjort, men òg på tilbakemeldingane frå lærarane i etterkant. 

Ungdata viser stor variasjon i kor mykje tid ungdomsskuleelevar bruker på leksearbeid. Nokre bruker nesten ikkje tid på lekser i det heile teke, medan andre bruker fleire timar kvar dag. I Noreg har prosentdelen som bruker mykje tid på lekser auka dei siste åra, og denne tidstrenden har vore tydelegast blant jenter. 

Mange ungdommar uttrykkjer i Ungdata at dei har meir skulearbeid enn dei klarer å gjere. For nokre bidreg lekser og karakterpress til å gjere skulekvardagen stressande.

Klikk her for å sjå fleire resultat frå ungdataundersøkinga