Produktivitet i akvakulturnæringa

Produksjonen av matfisk innanfor akvakulturnæringa har vakse svært sterkt i sidan 1995, og produksjonen har i same periode blitt betydeleg effektivisert. Medan det på landsplan blei produsert omlag fem tonn matfisk per 100 arbeidstime i 1995, var produksjonen  i 2015 omlag 15 tonn for tilsvarande tidseining. 


Samanlikna med landet som heilskap har Sogn og Fjordane igjennom heile tjueårsperioden hatt ein noko meir effektiv produksjon. Sogn og Fjordane har også svært effektiv matfiskproduksjon samanllikna med kvart av dei andre fylka. I 1995 var det berre i Hordaland at matfiskproduksjonen var meir effektiv målt i produksjon per 100 arbeidstime enn i Sogn og Fjordane. I 2015 hadde akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane den største produksjonen per 100 arbeidstime av alle norske fylke.