Framskrive folketalsendring i prosent 2018-2040. Per kommune

Kvart andre år publiserer SSB nye befolkningsframskrivingar. Ei befolkningsframskriving er ei berekning av befolkninga si framtidige størrelse og samansetning. Til framskrivinga blir det nytta føresetnader om dei fire demografiske komponentane: framtidig fruktbarheit, dødlegheit, innanlandsk flytting og inn- og utvandring. Klikk her om du vil lese meir om SSB si befolkningsframskriving frå 2018.  

Om SSB si MMMM-framskriving blir oppfylt vil folketalet i Sogn og Fjordane vere 113 422 personar den 1. januar 2040. Det er 3 192 personar meir enn ved inngangen av 2018. Den prosentvise folketalsauken frå 2018 til 2040 blir såleis 2,9 prosent. Den framskrivne folketalsutviklinga ser ut til å bli svært ujamnt fordelt mellom kommunane i fylket. 

Folketalet stig i nokre kommunar ...
I 14 av fylket sine 26 kommunar har SSB framskrive ei nedgang i folketalet frå 2018 til 2040. Befolkningsnedgongen vil bli størst i Årdal, der folketalet fell med 1 025 personar. Fem av kommunane vil få eit folketalsfall mellom 300 og 500 personar. Desse kommunane er Vik (-459 personar), Bremanger (-392 personar), Askvoll (-353 personar), Hyllestad (-326 personar) og Høyanger (-307 personar).

Sett i forhold til dagens folketal vil befolkningsnedgangen vere størst i Hyllestad (- 23,66 prosent), Årdal (-19,42 prosent), Vik (-17,17 prosent) og Hornindal (-16 prosent).  

... og søkk i andre kommunar
Dei resterande 12 kommunane i fylket vil oppleve folketalsvekst om SSB si MMMM-framskriving frå 2018 er reel. Veksten er størst i Førde (+1 260 personar) og Sogndal (+2 693 personar). Andre kommunar som kan vente seg ei folketalsauke på meir enn 300 personar er Gaular (+375 personar), Gloppen (+384 personar), Flora (+524 personar), Stryn (+582 personar) og Fjaler (+684 personar). 

Størst prosentvis vekst vil komme folketalet i kommunane Sogndal (+33,42 prosent), Fjaler (+24,03 prosent) og Gaular (+12,48 prosent). 


Interessert i å vite meir? Under finn du lenker til korleis folketalet kan kome til å utvikle seg fordelt på ulike aldersgrupper i kvar av fylket sine 26 kommunar.